topp2010.gif


Kva skjer vår / sommar 2010?


logo førderevyen.jpg


1995 starta Førderevyen opp og har med åra blitt eit kjærkome kulturelt innslag i Førde. Førderevyen speglar hendingar lokalt og globalt på ein humoristisk måte. Det er ikkje mangel på inspirerande hendingar og gryande idear og du kan få lov å bli med på dette. 

 

Førderevyen har blitt ei undergruppe av Førde Ungdomslag og har utvida tilbodet slik at det skjer noko gjennom heile året. Styret i Førderevyen har utarbeida ein revykalendar og det vert mogleg å delta på teatersport, teaterkurs, skrivehelg og lage den 16. revyen.

 

Alle som er interessert i teatersport og revyarbeid er hjarteleg velkomne i Viking som ligg ved sida av Hafstad vgs. Tidspunkt for dei ulike aktivitetane finn du i revykalendaren.
 
Det vert servert kaffi og te på arrangement.

Møt opp og sjå kven vi er!

 

Venleg helsing styret 

Hovudside - Viking - Revykalender 2010Kontaktinfo 2010
Bilete frå revyen 2009 - Dei vi har takka
Teaterkurs 2010

Vannrett rull: Førderevyen:
Speglar Førde by og resten av Sunnfjord, 
men vi går heller ikkje av vegen for å røre ved ”større” tema. 
Førderevyen er viktig for å utvikle Førde sin identitet for nye tilflyttarar 
og dei som har budd her ei stund. 
Førderevyen vil også kunne glede gode grannar!
 

 

 

 

 

 

 

 

 


Sist oppdatert av Ann Karin, torsdag, 01.juli 2010

Vi takkar i 2010:


 

 

 

Stjerne med 16 tagger: Vil du kjøpe
2 sekund reklameplass
i filmen 
under revy-framsyninga?



Kontonummer Førderevyen?
Kontakt kasserar.